Sibir Expedition, Origo og Mentor
     

 

Pensjonisttur i kajakk 

Våren og sommaren 2003 padla eg 2969 km, frå Svinesund i Sverige til Andsnes i Finnmark. Eg starta 30. mars og avslutta 114 dagar seinare, 12 juli. Startdagen og avsluttingsdagen padla eg berre kort tid. Dessutan var det 21 dagar eg ikkje padla, av ulike årsaker: For sterk vind og grov sjø, proviantering, klevask, gjesting hos vener. Det var såleis 93 dagar med meir eller mindre padling. Kortaste økta var på ½ t (ca 1,5 nm), - nærast berre ein test på om det var forsvarleg å leggje i veg. Lengste strekket var på ca 21 t, men då hadde eg fleire timar pause på dagtid for å vente på at vinden skulle løye, samt kortare pausar for å orientere, skifte kart, ete, drikke og slå lens. Utpadla distanse var då ca 107 km (58 nm) på vel 14 padletimar. Det blir ei gjennomsnittsfart på ca 7,4 km/t (4 knop). Det tilseier at eg må ha hatt medvind eller medstraum, i alle fall i deler av økta, for vanlegvis held eg berre ca 3 knop i snitt gjennom lange økter. Ein times tid kan eg halde 4 ½ knop, og i ein kort spurt opp mot 6 knop. I gjennomsnitt for heile turen vart det imidlertid 32 km (17 nm) per padledag. Elles kunne ein vanleg padledag vere 10 t padling i 3 knop, dvs 30 nm (vel 55 km).

 

Bakgrunn

Eg har sporadisk padla småturar på opp mot ei veke heilt sidan ungdomen, men det kan ha gått år mellom kvar gong eg har site i ein kajakk. Vanlegvis har padlinga avgrensa seg til nokre få timar på fjorden i godver. Eg hadde imidlertid lenge tenkt det kunne vere interessant å padle i veg utan tidsrestriksjonar og sjå kor langt eg kom før eg vart lei eller måtte stoppe av andre årsaker: Sjukdom, skade (til dømes seneskjedebetennelse), sviktande form, uhell eller utstyr som ikkje heldt mål. Som 63 år gamal pensjonist hadde eg høve til eit slikt eksperiment, og i den alderen skal ein ikkje utsetje slike prosjekt.

 

Utstyr

Sibir Expedition havkajakk , 583 cm lang, 53 cm brei, 29 kg, polyester/glasfiber, kvit ( www.coboltkayaks.com) . At eg er svært godt nøgd med båten er mildt sagt. På turen vart eg meir og meir imponert over sjøeigenskapane i dårleg ver, same om vind og sjø var med, imot eller frå sida. Spesielt imponert over båten vart eg i uryddig straumsjø. (NB! Eg er ikkje sponsa av produsenten!). Fast montert kompas på fordekk.

Snap Dragon Ocean Touring Lituya spruttrekk fungerte framifrå.

Werner karbonfiber åre (USA), 230 cm, 17,8 cm breidt blad, 794 g, svindyr (vel 4000 kr), men verd kvart øre. Tolde godt kontakt med sand og stein som støtte når eg skulle stige om bord og i land, og når eg skulle skuve ifrå. Åra er 351 g lettare en ei tilsvarande Ainsworth K1 Racing-åre eg har. Dyre gram, men i løpet av turen sparde det meg for å løfte 52 tonn, om ein reknar rundt 500 åretak/km. Det var nok sterkt medverkande til at unngjekk slitasjeskadar i skuldrar, armar og hender. Eg fekk faktisk ikkje ein gong gnagsår i hendene.

Padlevottar i kunstfiber fungerte fint.

Padlevest (Yak Original Equipment). Eg sette meg aldri i båten utan at den var på.

Åreflottør (Palm Paddle float), plassert på dekk.

Reserveåre (delt), på dekk.

Lensepumpe , på dekk.

Svamp , under dekk.

Ortlieb kartmappe som tar båtsportkart. Etter kvart kom der lekkasje i eit hyrne, og litt av velkrobandet losna, så eg måtte reparere. Båtsportkart (1:50 000) finst ikkje nord for Trøndelag, så vidare brukte eg vanlege sjøkart. Ein padlar gjerne gjennom fleire båtsportkart på ein dag, og for å få plass til fleire kartbald i mappa, måtte eg klippe vekk kantane for at det ikkje skulle bli for trangt. Av sjøkarta klipte eg vekk det eg ikkje hadde bruk for. Elles vart det for mykje å brette. Kvar dag teikna eg inn ruta mi i karta, og i ettertid har eg målt opp distansane med digital distansemålar (Scalex MapWheel, Nautisk Forlag, Oslo).

Det er stort vindfang i kartmappa, så eg måtte fortøye framre kanten på fordekk og bakre kanten i vesten. Dette gjorde at hempa på spruttrekket vart skjult, så eg øvde inn ein rask måte å frigjere kartmappa på, slik at eg kunne nå i hempa på trekket om eg skulle velte og ikkje greie ei rulle. Prosedyren er tvilsam, og eg vurderer å lime velkro-band på mappa og spruttrekket, slik at ikkje noko hindrar tilgang til hempa på trekket. Rulle har eg berre øvt på i roleg vatn. Kva som ville skje om eg velta i grov sjø (det er vel helst då ein veltar), veit eg ikkje.

Navico Axis 250 VHF-radio. Krev konsesjon, dvs at ein må ha skipsradiotelefonisertifikat. Ved registrering er det spørsmål etter fartyet sitt namn, så eg døypte båten "Havhesten". (Einaste kajakken i norsk skipsregister?). Radioen vart ikkje brukt. Eg rekna han som del av tryggingsutstyret.

Jotron Tron 1E mk II naudpeilesendar (121,5 MHz) hadde eg heile tida i lomma på spruttrekket, som eit "ultimum refugium" eg heldigvis ikkje fekk bruk for. Sendaren kan aktiviserast med to enkle grep og varslar farty på sjø og i luft, samt hovudredningssentralane via satellitt.

Signalpenn med raude og grøne rakettar, vart det heller ikkje bruk for.

Signalspegel med raud og blank side til refleksjon av sollys, vart heller ikkje brukt.

Mobiltelefon med ladetransformator. Denne var praktisk, men ueigna som sikringsutstyr, då der er lange strekk langs kysten utan dekking. Eg prøvde å informere "heimefronten" dagleg om kvar eg var, men stundom var der ikkje dekking. Somme fann det interessant å fylgje med på kartet, - og tippe neste rapporteringspunkt. Batteriet fekk eg for det meste lada hos greie privatfolk, som aldri sa nei.

 

Hilleberg Staika tomanns kuppeltelt (svensk). Litt dyrt, stort og tungt, men absolutt verd pengane og volumet. Eg har ikkje noko problem med å bruke all plassen i eit tomannstelt åleine. Når ein skal bu i telt i månadsvis, er det greitt å ha bra med plass, både i innerteltet og ytterteltet. Imponert over kor godt det tolde vedvarande sterk vind og pøsregn.

ThermaRest liggeunderlag og tilsvarande trekk til å omgjere underlaget til "lenestol". Fungerte framifrå. Det er svært kjekt å ha ein stol med ryggstø når ein vert sitjande i teltet i kuling og regn i dagevis.

Optimus Nova kokeapparat ; brennaren montert inn i stormkök; miljøbensin utan bly og andre tilsettingar (på grøn fireliters-kanne hos Statoil); fungerte greitt.

 

Påkledninga tok meir omsyn til vasstemperaturen enn lufttemperaturen. Eg kledde meg slik at eg kunne fungere ei stund i vatnet om uhellet skulle vere ute, og sveitta heller når det var varmt i veret. Palm padlejakke (engelsk) fungerte greitt; dyr (vel 3000 kr), mansjettane mørna etter kvart og den eine revna (dyrt å få sett på nye). Burde hatt med talkumpudder for å spare mansjettane. Brynje Arctic undertrøye (innerlag 100% Meraklon polypropylen-netting, ytterlag 100% merinoull), kunstfiber truse , lang Brynje netting underbukse (100% Meraklon polypropylen), ullfrotté-sokkar , Bergans Dermizax regnbukse (100% polyester, Made in China!), korte gummistøvlar , praktisk når eg skulle stige i land og om bord, strikka topphuve i kunstfiber. Eigentleg er eg "naturfibermann", men kunstfiberen tørkar lettare enn ull, eit vesentleg poeng på ein slik tur. Men eg hadde med ullkle til bruk i land, samt ei fleece-jakke og regnjakke. På fyrste delen av turen hadde eg med joggeskor, men skifta dei ut med sandalar.

 

Toalettsaker, briller, reservebriller, solbriller, fotoapparat (som toler å kome ned på 5 m djup), medisinskrin, fiskesnøre, reparasjons-sett med sysaker og verkty. På fyrste delen av turen hadde eg med ei lita turøks og tursag, men brukte det aldri, og kvitta meg med det. Ein liten radio, fyrst og fremst for å høyre vermelding (ikkje dekking alle stadar). Pennlykt og framfor alt hovudlykt (Petzl diodelys) var heilt naudsynt på fyrste delen av turen med korte dagar og mørke neter.

GPS-en hadde eg problem med, fordi han stadig kobla ut, trass i friske batteri. Eg ser ikkje vekk frå at eg kan ha oversett ein "sparefunksjon" som lar seg fjerne, men eg er ikkje flink med slikt (heller). Eg hadde ikkje lagt inn navigasjonspunkt, for eg måtte stadig endre rute etter ver og vind. Eg noterte imidlertid koordinatane på teltplassane.

 

Det meste av utstyret var pakka i vasstette posar, og pakka i båten etter ein plan, slik at det gjekk raskt og metodisk å pakke i og ut or båten, og slik at eg visste kvar ting var. Det er og nyttig å la ting ha fast plass i teltet. Det er utruleg kor lett småting kan forsvinne i eit telt, sjølv om ein er åleine og ikkje har nokon å skulde på. Spesielt briller og lykt bør til ei kvar tid vere lett tilgjengeleg.

 

Proviant

Frukost var kornblanding (til dømes Go'dag Energi) med turrmjølkpulver, som eg berre tilsette vatn, varmt i byrjinga når det var kaldt i veret, kaldt vatn sidan. Eg laga til ferdige porsjonar for fleire dagar, slik at det gjekk raskt med matstellet. Eg brukte ein plastbolle, og etter frukosten tok eg litt sportsdrikk i bollen, som ein slags "oppvask", og drakk dette for å fylle opp med væske før start.

Lunsj var stort sett kjeks (til dømes Bixit), og eventuelt sjokolade ved lange økter. (På slutten vart det så varmt at sjokoladen smelta).

På dekk hadde eg to sykkelflasker med sportsdrikk (XL1 eller Isostar), som eg blanda av pulver kvar dag. Vatn hadde eg på fire 1,5 l plastflasker, som eg fyllte opp så snart eg hadde høve, i forretningar i samband med proviantering, på kafe når eg skeia ut med kafemiddag, men for det meste hos private, som alltid var hjelpsame. Folk var i det heile imponerande gjestfrie, ikkje minst nordpå. Når ein framand, uvaska, uflidd, ubarbert, saltgrimete gubbe kom ruslande opp frå fjøra og spurde om å få fyllt vassflaskene, var det aldri nei å få. Tvert om hende det meir enn ein gong at dei synte interesse for turen, og jamvel inviterte meg til middag (og ein ekte sunnmøring seier aldri nei takk til noko som er gratis). Eller eg vart invitert til brødmat, kaker og te.

Middag var frysetørka rettar i porsjonsposar frå Drytech (Real turmat). Det er berre å setje til kokande vatn, så er middagen ferdig på 5 min, og kan etast rett or posen med skei. Dermed slepp ein oppvask, og einaste reiskapen ein treng i "byssa" er skei. Prisen varierte frå eine sportsforretninga til den andre, frå 49 til 80 kr per pose, oftast kr 59. Middagen tok eg oftast i teltet om kvelden, men nokre gongar tok eg middagspause i land under vegs.

 

Rutinar

Det er rasjonelt og trygt med gode rutinar, som til dømes å ha som fyrsteprioritet å drage båten ovanfor flomålet og førtøye når ein går i land. Det ville vere litt "kjipt" å vere "fri for båt" (som det heiter nordpå ) når ein kom ut or teltet ein morgon. Den 29. juni kom eg til Engeløy, etter ei padleøkt på nær 11 t. Det var stor fjøre og langgrunt, om lag 75 m inn til grasbakken. Botnen var ikkje slik at eg ville drage kajakken, og rekved til lunnar var der ikkje. Med full last vog nok båten opp mot 50 kg, så for å løfte, måtte eg stå skrevs over båten og flytte han ein god halvmeter for kvart tak. Latskapen tok overhand, så eg let båten stå, tok med teltet og litt anna utstyr og gjekk i land. Sat så utanfor teltet og fylgde med når floa løfta båten, og gjekk ut og flytta han til han sto tørt att. Dette gjentok seg fleire gongar. Det var fint å la floa gjere arbeidet for meg. Så fann eg ut at eg som snarast skulle stikke bort i næraste huset og få fyllt vassflaskene mine. Som vanleg vart eg vel motteken, og beden til bords med te og kaker. Og folket hadde mykje interessant å fortelje om Engeløy, heilt frå vikingtida og fram til krigens dagar. Interessant. Og tida gjekk. Brått slo ein tanke ned i meg: Floa! Båten! Eg spratt opp og sprang ned til sjøen, - og der låg båten på rek langt ut på. Eg flekte av meg klea og sprang splitters naken utover, klar for ein lang symjetur. Ingen fare, for det var 27 o i skuggen. Men der var faktisk så langgrunt at eg nådde att båten medan eg endå botna. Det skulle ha teke seg ut om nokon fann ein tom havkajakk på rek, og varsla Hovudredningssentralen, som sende ut Sea King redningshelikopter og redningsskøyte for å leite etter "innhaldet", som sat og drakk te og åt kaker! Gode rutinar skal ein ikkje bryte.

 

Erfaringar

I starten var det nattefrost, som kombinert med våt sovepose var utriveleg. Eg vakna av at eg skalv av kulde. I lys frå hovudlykta fyrte eg opp for å varme meg drikke, sølte bensin og heldt på å lage teltbrann. I siste liten fekk eg lempa kokeapparatet ut.

Etter frukost var det å skrape rim og is av telt, åre og sitjebrønn (hadde misst transporttrekket under transport av kajakken på biltaket), og til dels padle gjennom ei tynn isskorpe på sjøen, så langt sør som Tromøysundet ved Arendal midt i april.

På slutten var det så varmt med sol heile døgeret at eg måtte ha teltet på gjennomtrekk, berre med myggnett for dørene, og liggje naken oppe på soveposen.

Somme havstykkje langs kysten har dårlegare rykte på seg enn andre. Med rette. Rundt høge kapp som stikk ut i havet er der gjerne vindskjeringar og uryddig straumsjø. Eg måtte såleis ha landligge før eg kunne runde Lindesnes. Men turen langs Jæren, som eg hadde ottast, vart ei fin naturoppleving. Halvvegs over Sletta, nord for Haugesund, bles det opp, så eg måtte søkje le i Viksefjorden, der eg vart sitjande i teltet i kuling og regn. Det varte over eit døger, og enno lenger før sjøen la seg så pass at kunne runde Ryvarden fyr og passere skjera Bloksene, der snøggbåten Sleipner gjekk på for få år sidan, og 16 menneske omkom.

Stadhavet forbi Kjæringa (Vestkapp) skremde meg slik at eg lovde dyrt og heilagt på å få transportert båten over land til Eltvik om eg berre kom velberga inn til Statthamna (Honningsvåg), så eg sleppte å utsetje meg for eit nytt "bukkeritt" rundt Stålet. Men etter ein rekognoseringstur opp på fjellet i Statthamna, med vidt utsyn vest- og nordover, fann eg ut at eg ville prøve å padle vidare, og det gjekk vel.

I Bud, hamna før Hustadvika, såg eg at det mørkna i sørvest, men eg trudde eg kanskje kunne lure meg rundt før det braka laust, og la i veg. Eg var ikkje komen langt før veret brått var over meg, så eg måtte snu i ei fart og kome meg til lands. Det bles så stolar og søppeldunkar fauk omkring, og eg fekk landligge igjen. Utolmodig som eg er, starta eg neste dag då vinden hadde løya. Men det synte seg at havbåra langt frå hadde lagt seg, så dei opne stykkja sette skikkeleg støkk i meg. Havet kan vere skræmeleg, spesielt når det bryt over fludene i trangt farvatn.

Kunna er ein "knytneve" som strekkjer seg ut i havet sør for Finnes-halvøya og Fugløyfjorden, og der vart det slik eg ottast: Vind med sjø på tvers av straumsjøen, som saman med refleksen frå land gjorde tilhøva svært uryddige. Til overmål passerte ein stor båt, som rota til båremønsteret ytterlegare. Det kravde maksimal konsentrasjon og innsats, ein god båt og englevakt å kome seg velberga forbi.

Men kysten har og mange perler, skjerma frå havet, lange folketome sandstrender, idyllar og mektig natur som lokkar fram superlativa. I godver er heile kysten fantastisk. Turen langs Hamarøy, til dømes, i strålande sol, med Hamarøyskaftet og dei andre tindane rett om styrbord, så eg mest vrei nakken or ledd. På babord Vestfjorden, flat som eit stovegolv, og med den hundre kilometer lange Lofotveggen som bakteppe, framleis med ein del snø. Storslått! Padledraumen gjekk gradvis i oppfylling.

Eg fekk og med ein del kultur: Det slumpa til at eg kom til Alstadhaug på Petter Dass-dagane, med mellom anna stor kyrkjekonsert med Anita Skorgan, Hoem, Sommero og stort kor.

På Kjærringøy vart eg invitert til teltleiren åt padlarar frå Bodø kajakklubb, som var på helgetur. Det var åtte hyggelege padleentusiastar som spanderte ferske vaflar med syltety, steikt på primus, og ga meg mange nyttige opplysningar om teltplassar og forretningar vidare nordover. Dei hadde funne ein nær ideell teltplass: Lun hamn, fin sandstrand, grasbakke, ein liten bekk med friskt vatn, og flotte fjell omkring. Slike er det ikkje mange av lags kysten. Dette var faktisk den einaste eg kom over. (Der fekk eg lære skilnaden på "kajakktur" og "padletur"). Denne luksusen til tross, - eg var som vanleg utolmodig etter å kome vidare, og la i veg for å krysse Folla, sjølv om eg hadde padla 8 t tidlegare på dagen, klokka var 2210 og vinden var (som vanleg) friskare enn eg hadde rekna med når eg kom klar av land. Eg måtte såleis ta ein stor sving innover mot vinden, til eg kom så nær andre landet at eg kunne småsurfe vestover att. Etter 3t 40min kunne eg gå i land ved den teltplassen eg var blitt tipsa om, i solskin kl 0150. (At eg valde å setje opp teltet på ein maur-"motorveg" er ei anna historie).

Neste etappe var til dels "krem-padling". Det var berre to utfordringar: Høg nok solfaktor og nok film.

Fløande og fallande sjø lagar og urfordringar, spesielt i trange sund, der straumen kan bli mykje striare enn ein orkar å padle. Gjennom Karmsundet i Haugesund hadde eg heldivis (og tilfeldigvis) medstraum. I Alverstraumen nord for Bergen måtte eg gi opp, og vart sitjande og halde meg fast i eit stag på ein fortøyingspåle i over 2 t. I Tjeldsundet måtte eg og gi meg, gå i land og vente ein time til straumen slakka. Rystraumen hadde eg høyrt mykje skummelt om, men der var eg heldig og kom gjennom på slutten av floa, dvs i lett medstraum.

Med desse smakebitane får eg gi meg. Skulle eg skildre alle opplevingane på turen, ville det bli ei heil bok.

 

Konklusjon

Padling er ein fin aktivitet, også for pensjonistar, - eller kanskje spesielt for dei. Så de unge har mykje å sjå fram til.

Eg har fått spørsmål om kvifor eg stoppa i Andsnes i Finnmark, og ikkje heldt fram heilt til Russland. Svaret er at motivasjonen svikta. Skulle eg halde fram, ville det ikkje vere padle tur lenger, men ein ekspedisjon for å presse meg lengst mogleg. Som kjent er det mange ting som har innverknad på motivasjonen, - for mange til å drøfte i denne samanhengen. Men det var i alle fall interessant å registrere at utstyret eg hadde valt heldt mål, og at ein 64 år gamal skrott (for det var eg blitt under vegs) kunne ta imot padleøkter på over 14 timar utan å "bryte saman". Sliten var eg innimellom, men etter nokre timars søvn var eg klar til nye økter.

Sjølv har eg spurt meg om korleis ein middels innaskjerspadlar kunne gjennomføre turen utan uhell. Svaret mitt er: God båt og englevakt.

 

Finale

Kajakken sende eg sørover med hurtigruta, reiste til Kirkenes, der eg kjøpte sykkel, og sykla attende til Svinesund. Men det er ei anna historie.

Otto Inge Molvær

 

 

 

 
     

Cobolt Kayaks